Fleire fargar i norsk politikk

Erna Solberg kallar Siv Jensen ein dårleg leiar fordi Framstegspartiet ikkje tek eit klårt standpunkt i EU-saka. Dermed er det duka for nok ein diskusjon – ikkje om europapolitikk (det ville vera for enkelt!), men om Solberg og Jensen sine leiareigenskapar. Kanskje det hadde vore meir interessant å diskutera politikk?

Det gjer dei på Dagbladet sine sider for lesardiskusjon, men den diskusjonen er nok ein gong ein diskusjon mellom dei som meiner at den raudgrøne regjeringa køyrer Norge aldeles i grøfta – eit i utgangspunktet noko merkeleg standpunkt i eit av verdas rikaste land – og dei som meiner at ei borgarleg regjering vil føra oss heilt fram til helvete sin portar, og så nokre steg fram. Det er ein tragisk debatt. Det finst fleire fargar i norsk politikk enn raudt og blått.

Ein av dei er oljesvart. Dei to påståtte regjeringsalternativa er båe dominerte av parti som meiner at vegen fram for Noreg er å tvihalda på oljeøkonomien. Høgre og Framstegspartiet er samstemte i sitt ja til oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen, og Arbeidarpartiet er dominert av folk med same synet. Dei siste signala frå regjeringa viser tydeleg kor ein har dei, og dei kjem jamvel frå ein senterpartimann, olje- og energiminister Terje Riis-Johansen:

- Hvis vi skal opprettholde oljeinntektene, må vi komme i gang med virksomhet i nye områder, seier han.

Så mykje for grønfargen i regjeringa.

Partiet Venstre har på si side mykje god miljøpolitikk – og eg er ofte på line med dei. Diverre er ikkje Venstre like konsekvente i kva dei faktisk gjer. Gong etter gong har Venstre gått inn for ny utbygging i Nordsjøen og Norskehavet. Det gjeld Gjøa, det gjeld Skarv, det gjeld Tyrihans. Kvar gong var vedtaka i det norske Stortinget samrøystes. Det var også støtta til vidare kolutvinning på Svalbard, noko jamvel Ap-politikarar såg miljøhykleriet i.

Ein annan politisk farge er grøn. Miljøpartiet Dei Grøne er partiet som vågar å seia det som det er: Det er verken ynskjeleg, eller mogleg over tid, å oppretthalda oljeinntektene.

Ein ting er miljøaspektet; dersom ein tek dette på alvor er det på tide å seia at nok er nok, og på tide å omforma samfunnet til eit samfunn som kan sikra oss velstand og lukke også i tida etter olja. Der dei fleste av stortingspartia etterkvart snakkar om klima, vil Miljøpartiet Dei Grøne gjera meir enn berre å prata. Det er også sant fordi norsk oljeproduksjon allereie har nådd toppen – og det for fleire år sidan. Framover ber det berre ein veg, og det er nedover. Olje er ein avgrensa ressurs. Når me fyller bensintanken brenn me ho opp.

I denne situasjonen er det å opna for oljeutvinning i Lofoten eller ved Jan Mayen lite anna enn endå ein dram for alkoholikaren. Smellen vert desto større når tilførsla på whisky vert redusert. Neste brukardose? Svalbard? Etter det? Kva med Antarktis? Det er allereie dei som har byrja å snusa på det urørte kontinentet.

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at me må ta utfordringane me no står ovanfor på alvor. Det tyder at me må starta omlegginga til eit fornybart samfunn og ein grøn økonomi. Difor går me inn for eit varig vern mot all petroleumsverksemd frå Lofoten og nordover, inkludert Barentshavet og Svalbard. Difor vil me ha storstilte satsningar på jernbane og på fornybar energi. Difor vil me fjerna årsavgifta på bilar til fordel for vegprising som aukar i takt med kollektivtilbodet – slik at alternativa for alvor kan vinna fram utan å blø bygde-Noreg tomt med veksande års- og drivstoffavgifter. Difor vil me kutta meirverdiavgifta på miljøvenlege varer, og på brukthandel.

Miljøpartiet Dei Grøne har ein heilskapleg grøn politikk, og Stortinget treng ein konsekvent miljøopposisjon som kan ta tak i desse sakene, løfta dei fram i den politiske debatten og – vonleg – vinna over dei andre partia og skapa politisk fleirtal for endring. Stem ikkje oljesvart. Tenk stort, stem grønt.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Explore posts in the same categories: Politikk

Responses are currently closed, but you can trackback from your own site.

3 kommentarer on “Fleire fargar i norsk politikk”

  1. Elise Røe Sier:

    Problemet er bare at partier gjerne bør ha en helhetlig politikk fremfor kun et område. .

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  2. Øyvind Strømmen Sier:

    Takk for kommentar, Elise. Selvsagt bør partier ha en helhetlig politikk. Med utgangspunkt i grønn ideologi har Miljøpartiet De Grønne, som jeg skrev, en helhetlig politikk – som selvsagt handler om langt mer enn bare miljøvern. Grønn er en politisk farge, ikke bare en benevnelse på treehuggers ;) .

    Hvis du har tid og lyst, kan du ta en titt på mdg.no, der du blant annet kan lese arbeids- og prinsipprogrammet vårt. Også ungdomsorganisasjonen vår står på disse programmene.

    AUF, derimot, har sitt eget program (og det er til dels et svært godt program, blant annet på milijø), men driver valgkampanje for et Arbeiderparti som ikke har god praktisk miljøpolitikk. Vi ønsker gjerne grønne AUF-ere velkommen i MDG!

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  3. Bjørn Stærks blåblogg » Arkiv » Mikropartiene – kjerringene mot strømmen Sier:

    [...] Miljøpartiet De Grønne ettersom de har fått Øyvind Strømmen med på laget. Her forklarer han hvorfor vi trenger en tredje farge i norsk politikk. Partiet plasserer seg litt til venstre for SV, og fokuserer på økologisk balanse, dyrevern og [...]

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende


Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00