Stort fleirtal for meir naturvern

Tre av fire nordmenn vil verna meir av norsk natur, skriv Nationen, med utgangspunkt i ei Sentio-undersøking utført for avisa. Fleirtalet gjeld i alle regionane i landet, på bygdene er 66,4% for meir vern. Også i bygdepartiet Senterpartiet er fleirtalet for meir vern: 56,5% av veljarane meiner det bør vernast meir. Slåande nok er støtta til vern større i mindre byar enn i dei større.

Eg gler meg over denne støtta til naturvern.

Det gjer også Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet som minnar om at halvparten av dei utrydningstrua artane i Norge er å finna i skogen, og om at skogforskarar meiner 4-5 prosent av skogen bør vernaste i løpet av kort tid. Idag er berre 1,7 prosent verna. Miljøpartiet Dei Grøne meiner 15 prosent av artsrike biotopar bør vernast. Spørsmålet i norsk politikk burde ikkje vera korvidt mykje meir natur burde vernast, men korleis det bør gjerast.

Her er Nationen inne på ei anna viktig problemstilling i papirutgåva 27. juli, nemleg tilhøvet mellom bruk og vern.Forskar Katrina Rønningen ved Norsk senter for bygdeforskning, peiker på at mange verna område er avhengige av fortsett bruk og at verneverdien jamvel kan gå tapt om bruken opphøyrer. Ho nemner bruk-vern-problematikk i kystområde:

- Me har sett at vernerestriksjonar kan gjera det vanskeleg å nytta området og dermed får ein nedgang i beite og slått. Den gjengroinga me har sett skuldast opphøyr av tidlegare praksis, og det finst mange døme på at dette gjeld i verneområde.

Sjølv vil eg tru at gjengroinga har mykje med at svært mange gardsbruk har vorte lagt ned dei siste tiåra, ei stor politisk utfordring i seg sjøvl. Samstundes er det ingen tvil om at vern må utformast på ein måte som også tek omsyn til berekraftig menneskeleg aktivitet. Nokre stader er det få alternativ til absolutt vern, andre stader må vernet tilpassast slik at forsvarleg naturbruk kan halda fram. I debattar om vern framstår det for ofte som om den einaste typen vern er naturreservat – eit utrykk for eit vel dualistisk syn på natur og kultur.

Nokon vil hevda at vern i seg sjølv stoggar utvikling. Dette er feilslått argumentasjon: vernet set grenser for kva typar utvikling ein kan ha – ikkje for utvikling i seg sjølv. Den norske naturen er ein del av fellesarva vår, allmenningen, og det er ikkje anna enn rimeleg at det på vegner av allmenningen vert sett grenser for både marknad og stat. Næringslivet må tilpassa seg dei rammevilkåra ei forsvarleg naturforvaltning set, og vern er i somme tilfelle også med på å opna opp for nye moglegheiter.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Explore posts in the same categories: Politikk

Responses are currently closed, but you can trackback from your own site.

Comments are closed.


Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00