“Dere har alltid vært prinsipielt for”

På NRK sin valdebatt fekk me nettopp klare ord for pengane. Eller gjorde me eigentleg det? Etter ein lang seanse med surr blant dei borgarlege partia – til inntekt for Jens Stoltenberg – var det Kristin Halvorsen sin tur. Ville ho gje ein garanti at SV ikkje set i ei regjering som opnar for oljeverksemd i Lofoten? Nei, det ville ho ikkje. Det arbeidet skal koma i forhandlingane med Arbeidarpartiet og Senterpartiet etter valet.

Arbeidarpartiet har plassert seg på noko nær eit ikkje-standpunkt i oljesaka, og reknar kanskje me at veljarane skal oversjå heile saka, anten dei er for eller mot oljeboring. Men likevel fekk ein klår tale frå Stoltenberg: “Vi gjør det vi har gjort på norsk kontinentatsokkel i snart førti år”, sa Stoltenberg. Han vil gå “forsiktig” og “kunnskapsbasert” fram. Men det norsk politikk har gått ut på i snart førti år er ein ting: å opna stadig nye område for olje- og gassverksemd, inklusiv det sårbare Barentshavet. For ein gongs skuld kjem Erna Solberg i Høgre med ei svært treffande analyse i eit miljøspørsmål:

Dere har alltid vært prinsipielt for.

Me veit kor me har Arbeidarpartiet, sjølv om ungdomspartiet deira – heldigvis, og takk til dei – gjerne skulle ynskja noko anna. Me veit kva SV og Senterpartiet seier, også, men me veit ikkje kva dei kan finna på å forhandla vekk. Seismikkskytinga godtok dei, til trass for massiv motstand frå lokale fiskarar.

Miljøpartiet Dei Grøne har ei konsekvent haldning i høve oljeboring i nordområda. Me vil stenga Lofoten og nordover for ny olje- og gassverksemd. Oljeeventyret går mot slutten, og me vil gje det ein lukkeleg slutt, utan råkjør i retning stadig meir sårbare naturområde, og i form av stadig meir skitne utvinningsformer (som tjæresandsutvinninga der statseige Statoil er involvert i Canada).

Siv Jensen må gjerne lata som om me kan halda fram med å nytta olja som energikjelde nummer ein, og vinna på spel mot vindmøller.

Realiteten er at oljetoppen har kome i Noreg og er på veg i verda. Me er nøydde til å leggja om; og jo før me byrjar å gjera det – jo betre. Å opna for oljeutvinning utanfor Lofoten er som å gje alkoholikaren ei flaske whisky for at han skal verta tørrlagt. Den neste whiskyflaska ligg utanfor Jan Mayen. Kanskje ligg det nokre på Svalbard også. Det er på tide til å seia at nok er nok, og å på alvor setja i gang arbeidet for eit fornybart samfunn: det krev å leggja whiskyen vekk; og heller nyta Lofoten-naturen.

Og det er faktisk ikkje så gale fatt som Siv Jensen vil ha oss til å tru. Olja er ikkje naudsynt. Ein rapport frå den tyske tenketanken Heinrich Böll Stiftung viser at det er mogleg å forsyna Europa med fornybar energi:

If one looks specifically at the electricity sector, the analyses show that Europe
has the potential, in the long-term, to increasingly – and finally, completely – switch to renewable sources for its electricity supply
. The study from the German Aerospace Center states that the EU, the EEA Member States, Switzerland, the Candidate States
Croatia and Turkey and the states in the western Balkan countries together have an
economic potential for regenerative power of around 5,780 TWh/a (Terawatt hours
per year). The current electricity consumption of the EU-27 is around 3,310 TWh/a
(2005), and for 2050 the German Aerospace Centre’s estimate of the demand for all
countries involved amounts to 4,000 TWh/a. The sum of the energy potentials for the
production of green power in Europe is thus considerably higher than the current
and the estimated future demand.

I tillegg til dette ligg det ei utfordring på transportsektoren, blant anna innan privatbilismen, men også det er mogleg å gjera noko med, blant anna gjennom å redusera transportbehovet, flytta transport over på kollketiv transport i den grada det er mogeleg og erstatta køyretøy drivne med fossile brennstoff med elbilar, elhybridar eller andre køyretøy basert på moderne teknologi.

For å få dette til trengst det politiske visjonar av ein heilt annan sort enn visjonen om å pumpa opp meir olje. Det trengst satsing på fornybar energi. Det trengst satsing på energieffektivisering og energiøkonomisering. Det trengst satsing på framtida.

Om du ynskjer å bruka stemma di på å stø eit parti som har desse politiske visjonane, og som våger å snakka høgt om peak oil, så tek Miljøpartiet Dei Grøne gjerne imot ho. Me er eit lite parti, og det er tvilsamt at me får sjansen til å sitja i regjeringsforhandlingar med det fyrste – men dersom me skulle hamna der, ofrar me ikkje desse perspektiva, fordi dei er sentrale for grøn politikk. Før det skjer, kan me iallfall lova at di stemme vil gje oss eit betre grunnlag til å kjempa fram grøn politikk nasjonalt og lokalt i åra som kjem.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Explore posts in the same categories: Politikk

Responses are currently closed, but you can trackback from your own site.

2 kommentarer on ““Dere har alltid vært prinsipielt for””

  1. Konrad Jozefsen Sier:

    Det er vel to dimensjonar i energispørsmålet (som svært mange blandar i hop):
    1) Gode energiberarar. Bensin og diesel er suverent fleksible energiberarar, lang rekkevidde og robust teknologi. Dagens teknologi kan berre til ein viss grad erstatte oljeprodukt på dette punktet (i Europa er elektrisk jernbane det viktigaste alternativet).

    2) Miljøvennlege energikjelder (grøn energi). Kanskje eit meir komplisert spm fordi ei massiv satsing på fornybar energi kan ha store verknader på andre område, f.eks. visuell forureining. Kanskje må totalforbruket ned for at reknestykket skal gå opp.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  2. Øyvind Strømmen Sier:

    1) Du har definitivt et poeng. Det finnes etterhvert teknologi som kan gjøre bruk av diesel og bensin overflødig til personbiltrafikk, men det er verre å finne fleksible løsninger når det gjelder en del andre typer transport – her trengs det større bevilgninger til forskning. Og som du nevner: et satsning på alternativene som finnes, og jernbane er et kroneksempel.

    2) Totalforbruket bør reduseres; og det kan gjøres på to måter: ved å bruke den energien vi har mer effektivt, og ved å redusere behovet for energi. Les: energieffektivisering og energiøkonomisering.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende


Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00