Tenk stort, stem grønt: “Også vi, når det blir krevet”

Er du lei av Jens og Jensen på TV? Lat ikkje politikarar narra deg: Sjølv om det ein gong var annleis for Arbeidarpartiet må alle parti samarbeida. Slik er det med Venstre. Slik er det med Sosialistisk Venstreparti.

Og Framstegspartiet kan berre lova gull (skattelette i milliardklassen) og grøne skogar (betre alt) til dei ein dag sit med regjeringsmakt. Då vert dei nøydd til å finna plass i budsjetta, og dei vert nøydde til å samarbeida med andre parti – dei også.

Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje noko unntak. Sjølv om me har eit heilskapleg og breitt politisk program vil me – når me kjem inn på Stortinget og om me deltek i regjeringsforhandlingar – måtte ofra noko, “Også vi, når det blir krevet”. For små parti er kamelkosthald av naturlege årsaker også vanlegare enn for store parti. Ein ærleg politikar lyt vedgå: “I ein gitt situasjon lyt eg ofra noko av politikken min. Ikkje fordi eg har slutta å tru på han, men fordi det er andre ting som er viktigare for meg”.

Stundom kunne ein mistenkja nokre politikarar for å vera mest oppteken av sin eigen regjeringsposisjon, men det ville ikkje vera realt å skulda folk for slikt. SV – til dømes – har fått gjennomslag for nokre av kjernesakene sine i regjering, dei har fått til noko av det dei brenn for. I prosessen har dei ofra saker som har vore mindre viktige. Det er i hjartesakane at ein ikkje kan eta dromedarar.

Venstre har mykje god miljøpolitikk, men det er eit høgreliberalt parti, og andre ting er viktigare. Senterpartiet har mykje god miljøpolitikk, men andre ting kjem fyrst. SV har mykje god miljøpolitikk, men er eit sosialistisk parti: for å oppnå meir i barnehagepolitikken og skulepolitikken har SV måtta bøya av på andre område. Det er difor det vert skote seismikk i Lofoten.

For Miljøpartiet Dei Grøne er miljøsaka ei hjartesak. Det er ikkje fordi me ikkje har politikk på andre område. Det er ikkje fordi me ikkje står for politikken vår på andre område. Det er ikkje fordi me ikkje brenn for politikken vår på andre område. Men det er fordi å få ein langt betre miljøpolitikk er tvingande naudsynt og fordi omlegginga til eit fornybart og grønt samfunn er den største og viktigaste utfordringa me som samfunn står ovanfor. Miljøsaka er hjartesaka vår. Me lover ikkje gull. Men me lover grøne skogar.

Er du oppteken av miljøvern og av å skapa eit økonomisk og økologisk berekraftig samfunn for tida etter oljealderen er det difor Miljøpartiet Dei Grøne du bør stemma på.

“Men det er jo ikkje vits”, vil nokon seia. “De kjem jo ikkje inn likevel”. Men sjølvsagt er det vits. Me ligg ann til å gjera eit godt val i fleire fylke, og kan koma til å overraska, men sjølv om me ikkje gjer det vil kvar stemme på Miljøpartiet gje partiet 100 kroner i året meir i statsstøtte. Dei pengane vil me nytta til å kjempa for grøn politikk, både på og utanfor Stortinget. Dei pengane vil koma godt med når me skal arbeida for å få grøne stemmer inn i kommunestyrer og på fylkesting om to år – stader der det vil vera naudsynt med konsekvente grøne stemmer uavhengig av om det vert ei raudgrøn, ei blå eller ei endå blåare regjering.

Difor vil ei stemme på Miljøpartiet Dei Grøne aldri vera bortkasta. Me kjem til å stå på!

Tenk stort, stem grønt!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Explore posts in the same categories: Politikk

Responses are currently closed, but you can trackback from your own site.

3 kommentarer on “Tenk stort, stem grønt: “Også vi, når det blir krevet””

  1. JILL WHITE FANEBUST Sier:

    HVA VIL PARTIET GRØNT ENN OG SNAKKE OM MILJØ ,
    INGENTING.KAN IKKE DRIVE POLITIKK MED KUN EN TING
    PÅ PROGRAMMET.

    JILL

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  2. Øyvind Strømmen Sier:

    Hei Jill,

    det kan være greit å lese programmet før du uttaler deg med store bokstaver. Lese kan du gjøre på mdg.no.

    Øyvind

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  3. Anne Olga Sier:

    MDG har fått mi stemme i år :) Etter hvert som flere får øynene opp for politikken deres tror jeg dere har potensiale til å vokse til å bli en sterk og viktig stemme i norsk miljøpolitikk! Jeg har inntrykk av at det er mange som får sansen for MDG når de setter seg litt inn i politikken dere står for.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende


Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00