Regjeringa må seia nei til datalagringsdirektivet!

Borgarinitiativet mot EUs datalagringsdirektiv oppmodar regjeringspartias forhandlarar til å seie eit endeleg nei til at datalagringsdirektivet skal bli ein del av norsk lov. Borgarinitiativet følgjer opp bloggstafetten mot datalagringsdirektivet frå i sommar.

Måndag 28.september skal forhandlarane til Ap, SV og SP møtast for å bli samde om regjeringa sitt felles program for den neste fireårsperioden – oppfølgjaren til Soria Moria-erklæringa.

14.juli i år blei bloggstafetten mot datalagringsdirektivet lansert. Over 130 bloggarar oppmoda partia generelt og regjeringa spesielt om å ta stilling til EU sitt datalagringsdirektiv, og seia eit klart og tydelig nei til at direktivet skal bli norsk lov. I tillegg vart partia oppmoda til å seie ja til om naudsynt å nytta reservasjonsretten i EØS-avtalen for å stogga direktivet.

Av stortingspartia har Venstre og SV programfesta å nytta reservasjonsretten mot direktivet. FrP og SP har landsstyrevedtak om det same. KrF er mot direktivet, men vil sjå konsekvensane av å nytta reservasjonsretten. Høgre er ikkje villig til å bruke reservasjonsretten, medan Ap ikkje har teke stilling til direktivet enno.

Ei rekkje parti utanfor Stortinget, organisasjonar og einskildpersonar har teke klårt og tydeleg standpunkt mot datalagringsdirektivet, og oppmodar regjeringa til ikkje å ta direktivet inn i norsk lov. Sidan januar 2008 har det eksistert ulike former for opprop , e-postaksjonar og Facebook-grupper som alle er i mot datalagringsdirektivet.

I juni 2008 sa to av våre fremste juristar på europarett, Finn Arnesen og Fredrik Sejersted ved senter for europarett UIO),  i ein uttale bestilt av IKT-Norge at det ved bruk av reservasjonsrett materielt sett verkar å vere svært beskjedne delar av EØS-avtalens Vedlegg IX som vil bli direkte ”råka”. Samtidig sa regjeringa sin eigen personvernkommisjon at dei ikkje kunne støtta ei innføring av direktivet fordi grunnlaget for innføring av direktivet ikkje er tilstrekkeleg dokumentert.

Gjennom bloggstafetten tidlegare i år og Borgarinitiativet no sameiner me kreftene for å stå sterkare saman. Me synleggjer ein uvanleg brei politisk allianse for personvern og mot datalagringsdirektivet. Alliansen strekkjer seg inn i regjeringspartia.

Datalagringsdirektivet er eit åtak på den retten kvar og ein av oss har til å verne vårt privatliv. Personvernet inneber ein rett til å vere i fred frå andre, men og ein rett til å ha kontroll over opplysningar om seg sjølv, særleg opplysningar som vert opplevd som personlege. Etter EMK artikkel 8 blir personvern sett på som ein menneskerett.

Med ein mogleg norsk implementering av Datalagringsdirektivet (direktiv 2006/24/EF), som pålegg tele- og nettselskap å lagra trafikkdata om borgarane sin elektroniske kommunikasjon (e-post, sms, telefon, internett) i inntil to år, vil nordmenns personvern bli krenka på det grovaste.

Datalagringsdirektivet vart vedteke av EU 15.mars 2006, men framleis har den norske regjeringa ikkje offisielt teke stilling til om direktivet skal gjerast til norsk lov eller ikkje. Gjennom EØS-avtalen har Noreg ein reservasjonsrett. Denne har aldri før vorte nytta, men så har ein heller aldri stått overfor eit direktiv som representerer eit så stort trugsmål mot demokratiet sine grunnleggjande verdiar som det datalagringsdirektivet gjer.

I februar i år vart det klart at EU-direktivet må innførast , etter at EU-domstolen avsa dom i saka Irland hadde reist mot EU-kommisjonen.

Me som publiserer dette oppropet sluttar oss til "Borgarinitiativet mot EUs datalagringsdirektiv" , og er samde i oppmodinga om å be Ap, SV og SP gjennom regjeringsforhandlingane seia eit klårt og tydeleg nei til at EU sitt datalagringsdirektiv skal verta ein del av norsk lov.

Creative Commons License
Dette verk et av Per Aage Pleym Christensen , Lars-Henrik Paarup Michelsen , Carl Christian Grøndahl og Knut Johannessen er lisensiert under ei Creative CommonsNavngivelse-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens .

Desse har slutta seg til Borgarinitiativet mot EU sitt datalagringsdirektiv så langt:

Liberaleren
Lars-Henrik Michelsen
Carl Christian Grøndahl
Vox Populi
Per Aage Pleym Christensen og på NA24
Bjørn Stærk
Oppviglerbloggen
Fred Rune Rahm
Beate på Rasteplassen
Stian Ludvigsen
Sigrun Tømmerås og på ABC Nyheter og på Verdidebatt
Boye Bjerkholt
The Peace Prize Nation for Ron Paul
Undreverset
Undrelyd
Lothiane
Iskew
Kvinnekongen
Oda Rygh
The loophole
Liv-Marit Davidsen
Kamikaze
Trips and tics
Konrads tankesmie
Sondre Bjellås på Digital Livsstil
Smileygirl83
Erlend Fuglum
Petter Kvinge Tvedt
Haugabloggen
Torkild Strandvik
Dekodet
Hemmelig adresse
Eva Kvelland
Linn Beate Kaald Thoresen
Jonas Stein Eilertsen
Floken i nettet
Frank E. Rundholt
FriBit
Venstresida.net
Simen Eide
Bjørn Magne Solvik
Anne Solsvik
Kyle Finnesand
Borgerrettighetsbloggen
Bjørgen sin blogg
Civita
Kompromissløse meninger
Goodwill
Tronds Orakel
Eidsvoll Venstre

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Explore posts in the same categories: Politikk

Responses are currently closed, but you can trackback from your own site.

Comments are closed.


Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00